Velkommen til voksenlivet

Fana gjorde verkeleg noko med meg. Eg lengtar tilbake kvar dag! Eg saknar roen på tunet, lærarane, rommene, luktane, latteren og atmosfæren. Og ikkje minst; eg saknar vennene mine.

IMG_5425

Eg er ein person som elskar å ha folk rundt meg, men har også eit behov for å kunne trekkje meg tilbake av og til. Fana Folkehøgskule gav meg moglegheiten til begge deler. Eg fekk aleinetid då eg trengte det, men også så mykje kjærleik og støtte frå alle rundt meg. No når eg sit i ei leilighet aleine, kjem saknet etter all kjærleiken. Det å kunne ete middag med så mange fantastiske personar kvar dag! No er det så stille rundt meg, og eg må lage all mat sjølv… Eg treng kjøkkenpersonalet på Fana!!

Mat

Året på folkehøgskule lærte meg så mykje. Meir enn eg har innsett, trur eg. Alt frå korleis eg skal vaske kleda mine UTEN å øydeleggje dei, til å bli meir forståelsesfull og imøtekommande med nye menneske. Kvar minste erfaring og lærdom frå Fana, har eg tatt med meg. Eg lyg ikkje når eg seier at året på Fana har lært meg enormt mykje om meg sjølv, og det er noko eg set umåteleg stor pris på!

IMG_6615

Så når eg no finn meg ein tekopp aleine, vaskar klede aleine og et middagen aleine, tenkjer eg på alle dei gode stundene eg fekk på verdas vakraste og beste folkehøgskule ♥

-Kari-Anne (tidligere) elev på Psykologi

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s