Då psykologi var i Japan!

Då var det psykologi sin tur til å blogge om sin studietur – til Japan! Dette var ei veldig spesiell, men også lærerik og morro oppleving. Alle var nok veldig spente på kva som kom til å møte gjengen på totalt 40 stk, derav 35 var elevar, 2 fine 2.årsstipendiatar, og 3 fantastisk hjelpsomme og flinke lærarar.

Det heile starta i dei hektiske morgon-timane natt til 25. februar. Me tok fly frå Flesland (Bergen) til Schiphol (Amsterdam), venta ikkje mindre enn 6 timar på flyplassen, og deretter starta på den 11 timar lange flyturen til Tokyo (Japan). Det var veldig varierande korleis gjengen opplevde all reisinga, men for dei aller fleste gjekk turen veldig greit.

 

fellesbilde-flyplassenDet var ein sliten, men forventningsfull og blid gjeng som landa på Narita flyplass rundt kl. 11 Japansk tid.

Psykologi 1 og 2 var veldig heldige, og me fekk oppleve så mykje spennande! Eg har difor prøvd å korte ned teksten, og heller vise korleis me hadde det gjennom bilete som vart teken på turen. Det vart fort oppdaga at me har mange flinke fotografar på linja vår, noko som gjer at me sit igjen med mange fantastiske blinkskot.

 

DAG 1 I JAPAN – TOKYO:

Den fyrste dagen var alle veldig slitne, og me nytta difor tida på å sove, utforske nærområdet til hostellet, og å finne ein restaurant som hadde plass (og mat) til alle 40.

 

Hostellet Tokyo

DSC_0019

DAG 2 I JAPAN – TOKYO:

Me var så heldig og fekk bli med den snille og morsomme guiden Toshi på ein busstur rundt i Tokyo. Me fekk gå opp i Tokyo Tower, ete tradisjonell japansk mat, og delta på ein tradisjonell te-seremoni! Dagen vart avslutta med ein liten båttur, og deretter fellesmåltid.

glassgulv Tokyo tower - HildeTe-sermoni - megUtsikt frå Tokyo tower - megIMG_6599

DAG 3 I JAPAN – TOKYO:

Dag 3 var fridagen vår i Tokyo. Me hadde ein regel på at ein måtte vera minst 3 personar saman dersom ein skulle forlate hostellet. Dette fungerte utruleg fint, og me fekk oppleve mykje forskjellig etter kva interesser me har. Nokon var på Pókemon-museet, nokon i Takeshita street/Harajuku street (handlegater), medan andre fant på heilt andre ting, som til dømes Katte-café. Flott dag som vart avslutta med karaoke (for dei som fant fram).

Takeshita street - Hilde (fanafok på video)

Kattekafé - Amanda

DAG 4 I JAPAN – TOKYO:

Heile gjengen reiste saman til Odaiba, ei kunstig øy som fokuserar på ny teknologi. Her reiste me på Miraikan museum (teknologi-museet), for deretter å reise i Onsen (spa). Sidan japanarane er veldig tradisjonelle, fekk ikkje dei elevane som har tatoveringar vera med i Onsen, så dei delte seg i grupper og utforska andre delar av Tokyo. På kvelden reiste Psykologi 1 på Ninja-restaurant, medan Psykologi 2 reiste på  ein italiensk restaurant.

%22pingvinane%22DSC_0216DSC_0267

 

NATT TIL DAG 5:

Kl.03.00 natt til dag 5 var ein liten gjeng samla for å reise på det berømte fiskmarkedet. Etter mykje venting, fekk me endeleg vandre rundt på det kaotiske området. Fullt av lastebilar, frossen fisk og tuting. Eg trur alle var einige om at tunfiskauksjonen var noko spesiell, men at det var ei oppleving ein vil ta med seg vidare som eit morsomt minne!

Stian

Fiskemarknaden - megFiskemarknad morgen - meg

 

DAG 5 I JAPAN – TOKYO:

Sidan fleire var oppe heile natta, fekk me fri fram til kl. 15.00 dag 5. Då var det oppmøte ved Skytree. Dette er ei av verdas høgaste bygningar, og hadde ei fantastisk utsikt over heile byen. Her vart høgdeskrekken testa kraftig ut for fleire!

Skytree - Julie

Skytree utsikt (Julie)Skytree (Julie)

På kvelden reiste Psykologi 2 på Ninja-restauranten, medan Psykologi 1 reiste på ein koselig liten restaurant i nærleiken av hostellet.

 

DAG 6 I JAPAN –  REISE FRÅ TOKYO TIL KYOTO:

Dag 6 vart for det meste nytta til reising. Me fann fort ut at 40 nordmenn med kvar sin koffert fort kunne bli både slitsomt og kaotisk rundt i Japan. Men med flinke lærarar som viste veg (nesten uten feil), kom me alle fram til riktig hostell i Kyoto. Når me hadde sjekka inn på Kahosaan Hostell, fekk me tid til å utforske det koselege nabolaget. På kvelden var det tid for det faste fellesmåltidet, der me enda opp på ein god indisk restaurant.

Fellesmåltid- Amanda

 

DAG 7 I JAPAN – KYOTO:

Denne dagen var det mange spente sjeler i gruppa. Det var tid for å pakke sekken, og reise ut på landsbygda. Her fekk me foredrag om korleis ei lita bygd har klart å utnytte rapsolje til blant anna å lage såpe, rense vatnet, og mange andre tiltak for eit betre samfunn. Sjølve foredraget var på japansk, men me var så heldige og ha tolken Chie med oss denne dagen. Ho er frå Japan, men er norsk-lærar på eit universitet i Kyoto. Ho snakkar flytande norsk, og har hjulpe oss mykje i planlegginga og gjennomføringa av turen! Me fekk også prøve kimono (den tradisjonelle festdrakta til japanarane).

DSC_0257rapsoljesenteret - Inger OlinDSC_0187

Kimono (guttane) - HildeKimono (guttar) alle - Sammiie

Deretter vart me henta av vertsfamiliane våre! Me var delt inn i grupper på forhånd, og kjørte til kvart vårt hus med kvar vår familie. Dette var ei lærerik, morsom, spennande og flott oppleving som dei aller fleste var glad for å få oppleve. Mange nye venner på facebook, og spesielle opplevingar.

Min vertsfamilie - meg

 

DAG 8 I JAPAN – KYOTO:

Etter ei natt hos bøndene, samla me gjengen igjen, og kjørte til Bambusskogen. Medan enkelte fant denne fantastiske skogen, gjekk andre feil veg, og vandra rundt i ein liten landsby. Været var like fantastisk som alle andre dagane, så det vart ein fin dag både med og utan Bambus-skogen.

Bambusskogen m:fanafolk - IngerDSC_0319DSC_0351

DAG 9 I JAPAN – KYOTO:

Hiroshima var eit reisemål som gjorde sterkt inntrykk på dei fleste av oss. Sjølv syns eg det var flott å sjå korleis byen har klart å byggje seg opp igjen etter den tragiske hendinga, men det var også mange inntrykk som gjorde vondt på Peace memorial Center. Her har dei samla bilete, videoar, gjenstander m.m. frå både dagen då bomba smalt, og tida etter. Tårene rann på fleire av elevane, men det var godt å sjå korleis me trøsta kvarandre.

HiroshimaDSC_0357DSC_0371DSC_0412

Kontrasten var stor då me seinare på kvelden reiste på Geisha-show, der me blant anna fekk høyre tradisjonell japansk musikk, og såg ei forestilling spekka med humor, og så gein Geisha danse.

DSC_0438.jpg

Sidan ingen hadde ein fast plan på kvar me skulle ete, fekk me dele oss i grupper, og endte opp på alt frå Burger King/McDonalds til fancy restaurantar med biff og scampi. Fin avslutning på ein fin dag.

 

DAG 10 I JAPAN – KYOTO:

Nervene var på høgkant då me møtte velkledde opp på eit universitet i Kyoto for å delta på ”norsk seminar”. Dette var ei gruppe japanare som har ei over gjennomsnittleg interesse for Noreg og norsk kultur. Der framførte me tradisjonelle folkesangar, og ikkje minst framførte små foredrag om ulike tema som flyktningkrisa, Fana Folkehøgskule, kjønnsrollar og oljekrisa. Japanarane syns det var flott å høyre våre tankar om desse temaene, og fekk både stille spørsmål og kommentere. Her fekk me også super hjelp av snille Chie til å oversette, både kva me sa, og kva japanarane sa.

Norsk seminar

Etter framføringane var det tid for eit festmåltid i kantina på universitetet. Her spiste og drakk me oss mette, og mange spennande samtalar starta. Fleire av japanarane på seminaret studerte norsk, og var veldig flinke! Andre samtalar (spesielt med dei eldre) vart ei fin blanding av japansk, engelsk, norsk og tegnspråk. Her var det også tid for gaveutdeling, og det var mange smilande fjes då me gjekk ut dørene den kvelden. Eit veldig vellukka seminar!

Norsk seminar 2Norsk seminar 3

 

DAG 11 I JAPAN – KYOTO:

Siste dagen i Japan var fridag. Det var mange ulike ønsker, og me delte oss atter ein gong inn i grupper. Nokon besøkte Det Gyldne Tempelet og Plommehagen , medan andre nytta dagen til å handle inn gaver til familie og venner (og seg sjølv?).

Det gyldne tempelet - Hildeplommehagen - hilde

Det var ikkje alltid like lett å finne ein pasande restaurant å ete på, då me var ei så stor gruppe. Mange restaurantar i Japan er svært små, og både lærarar og stipendiatar brukte mange timar på å finne noko passande til kvar kveld. Det var derfor mange triste fjes då lærar Stian kunne meddele at det var 40 Minutter å gå til det siste fellesmåltidet me skulle ha i dette flotte landet. Men då me byrja å gå, fann me ut at Stian hadde booka bord på hostellet sin restaurant, 2 meter unna inngangen vår. Latteren var høg, og me koste oss med mange spennande rettar. Kvelden vart lang, men det var ein fin avslutning på ei fin reise.

 

DAG 12 I JAPAN – KYOTO:

Så kom siste dagen. Det var tid for å vende nasen tilbake til Noreg. Etter mange timar på fly, 5 timar til i Amsterdam, og ein lang taxikø på Flesland, fekk me alle 40 trygt tilbake til Fana.

Fana

TUSEN TAKK for ein fantastisk tur, alle sammen! Eg storkoste meg, og har verkeleg fått ei oppleving for livet. Japan er eit land som burde opplevast av alle. Og er du lur, så søker du psykologi på Fana og blir med neste år!

– Kari-Anne (psykologi 1)

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s