Ein del av prosessen

Då var me snart ferdige på Fana folkehøgskule! I dag har me hatt utvask av rommene våre. I korridoren Vest 1 vart det fullstendig kaos då 16 jenter skulle flytte ALLE eigendeler ut på gangen, og pakke ned alle minner og ting som ikkje tilhøyrte skulen. Alt skulle vaskast; både tak, veggar, vinduar, hyller og senger. Rett og slett heile rommet.

 

 

Når eg stod der i gangen og såg på alle ”naboane” mine som gjekk fram og tilbake og bærte på koffertar og vesker, fekk eg minner frå fyrste skuledag. Kjensla av at alt var nytt, og spenninga som låg i lufta, kom plutseleg tilbake. Kanskje dette berre var meg, men det var noko litt magisk ved dette øyeblikket!

DSC_0107
Me har hatt det så koseleg og fint her på Fana, og eg er veldig glad for at eg fekk bu i Vest 1. Alle jentene har vore så vennlige, positive og samarbeidsvillige. Dersom det har vore noko å ta tak i, har det ikkje tatt lang tid før me har fiksa opp i det. Eg kan nok med sikkerheit sei at eg og min fine romkamerat Kristin har vore dei to mest vimsete og rotete jentene, og det var mykje (spesielt frå mi side) som måtte ryddast i dag. Gangen vart fylt med ting til randen, og det vart til slutt ei lita hinderøype ned korridoren!

 

Under skal eg vise nokre før- og etter-bilete frå rommet til Kari og Camilla. Sjølv om dei er to veldig ryddige og flinke jenter, vart det litt kaos når alt skulle pakkast. Sjølv syntes eg dette bare var kjekt å sjå, då eg følte meg ganske uorganisert på eit tidspunkt…

 

 

 

 

Då eg tok ned plakatar og bilete frå veggene, følte eg meg litt tom. Eg følte at ein liten del av meg forsvann, og at rommet plutseleg ikkje var mitt lengre. Sjølv om det blir spennande med ein ny kvardag, blir savnet etter Fana stort. Etter avslutningen i helga, kjem tunet til å bli rolegare og rolegare, og tilslutt vera heilt tomt på lørdags ettermiddag. Eg kjem til å lengte tilbake til alt bråket etter nokre veker, det er eg sikker på!

Kari-Anne (psykologi)

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s