Klatring som valfag

Her på Fana har me valfag to gongar i veka. Utover året skal me ha 6 ulike valfag, og eg var så heldig å få ha klatring nokre onsdagar i oktober/november i år. Dette skal eg fortelje litt om i dette innlegget.

Klatring kan bestå av mange ulike teknikkar, og ein kan gjennomføre det både inne og ute. Elevane på Fana er så heldige å få klatre i Bergenshallen, med 16 meter høge klatreveggar, og veldig flinke instruktørar. I tillegg var me så heldige å få ha med oss vår alles kjære Klatre-Harald. Han er tidlegare lærar på Fana. Han bidro også med mange gode tips og triks i klatreveggen.

IMG_6131

Me var totalt 12 på klatre-gruppa mi. Alle hadde forskjellig erfaringar frå før med klatring, og det var også mange med stor høgdeskrekk som aldri hadde trudd at dei skulle nå toppen av klatreveggen. Det gjorde meg mektig imponert og stolt å sjå at samtlege var på toppen minst éin gong!

IMG_5856

For meg har klatringen lært meg mykje. Ikkje berre har det gitt meg mykje bedre styrke i armar og fingre, men det har hjelpt mykje på høgdeskrekken min. Det har lært meg å setje meg enkle mål, og å finne måtar å nå målene på i veggen. Eg gjekk frå å komme halvvegs opp i oppvarmings-veggen fyrste gongen, til å klatre ein vanskelegare vegg på fem minutter siste gongen.

Klatring som valfag var ei av dei beste beslutningane eg har tatt her på Fana, og har verkeleg gitt meirsmak!

IMG_6129IMG_6128

-Kari-Anne (psykologi)

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s