Playing for change

Tirsdag 22. september var det klart for årets «Playing for change»- konsert i regi av musikk-linja her på Fana Folkehøgskule. Dette gjekk føre seg på BIKS i Bergen sentrum, og var full av alt frå rolige baladar, til rock, batucada-trommer og ukulele-spel.

Musikk-lnja har mange unge og lovande talenter, og fleire er allsidige artistar med ferdigheiter på meir enn 1 instrument. (Det er også elevar som aldri før har spelt eit instrument, men som interesserar seg stort for faget.)

Batucada
Åpningsnummeret: Batucada-trommer

Responsen frå publikum, inkludert meg sjølv, var høglytt og begeistra. Musikk-elevane er som alle andre veldig forskjellige, og det var flott å sjå at dei som ofte kan vera litt stille i ein større forsamling plutseleg fekk ei stemme. Alle på scenen var glade, flinke og engasjerte. Det var ein fryd å sjå på!

Konserten vart arrangert for å samle inn pengar til «Playing for change foundation», og publikum var veldig flinke til å handle både vafler, kaffi, te, og saft. Det var også åpent for å gi ein donasjon av valgfri sum.

Kristin
Det var fleire solonummer under konserten, blant anna av Kristin.

4Ukulele
Mia og Simon (t.h.) framførte ein flott duett. Dei hadde også med seg Torkil på bass.

kiosk
Musikk-linja var heldige, og fekk hjelp til å styre kiosken av 2. års-stipendiat Kristoffer og hans gode medhjelparar frå ulike linjer.

3 jenter
Imponerande framføring av (f.v) Kristian, Lilja (2.års-stipendiat), Augsta, Anna og Tor Inge.

2rap
Sjølvlaga sang av Sebastian (2. frå venstre) og Steven (2. frå høgre). Backing-band består av (f.v) Marcus, Torkil og André.

Takk til Sara-Eline frå foto-linja, for lån av bilete!

– Kari-Anne Sekse (psykologi-elev)

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s